Norsk English Deutch

Om hotellet

Bryggen Hotel

BELIGGENHET:
Kart
Vakkert plassert i fjord Noreg. Med småbåthavn og fjorden som nermaste nabo i Eid sentrum. Det perfekte utgangspunkt for å oppleve den fine naturen og dei populære attraksjonane i regionen. Frå hotellet kan ein ta dagsturar til m.a Stad, Vestkapp, Selje, Geiranger, Nordfjord Folkemuseum, Briksdalsbreen og Fjærland.

GJESTEROM:


Etter omfattande oppussing kan hotellet no skilte med sengeplass til ca 100 gjester fordelt på 42 gode rom. Herav 4 heilt nye handicap rom - 5 totalt. 1 stor suite på 62 m2, 6 store nye familierom og 4 flotte deluxerom. Det har under oppussinga blitt lagt stor vekt på komforten for gjestene. Det er gratis trådlaust WLan på heile hotellet, samt gjeste pc med printer i resepsjonen.

FASILITETAR:

Velvære:
I tv stova på hotellet finn du masasjestol til fri bruk for våre gjester. I 3-etasje er det utandørs masasjebad og infraraud sauna. Kan også på bestilling tilby timar med utdanna aromaterapeut som kjem til hotellet.

Laksefiske og båt:
Hotellet har eigne lakserettar i Eidselva, og formidlar båtutleige av både små og store båtar på fjorden.

Golf:
Bryggen Hotel Nordfjord disponerer 4 greenfee card som kan nyttast på bana til Nordfjord golfklubb. Vi skreddarsyr pakkar med overnatting og mat, ta kontakt for tilbod.

Sykkel:
Vi har 4 sykklar til utlån på hotellet, dette kan vere god avkopling etter ein lang dag på jobb.

MAT OG DRIKKE:

Cafè Bryggen:
Kjøkken staben med vår kjøkkensjef Marianne i spissen kan freiste med ein stor meny. Der det blir lagt vekt på å kunne tilby noko for ein kvar smak, no også fleire rettar av lokale råvarer. Les meir her: Cafè Bryggen

Selskap:
Våre selskapslokaler passer perfekt til større og mindre selskap. Bryllaup, barnedåp, konfirmasjon, minnestund og jubileum. Sjå her for meny forslag: selskap

Bryggen Bar:
Med alle rettigheiter kan du nyte våre fristelsar i god stolen med fin bakgrunnsmusikk, eller i sola på vår store uteservering.

KURS OG KONFERANSE:

Med 4 fullt utstyrte møterom med kapasitet opp til 55 personar, kan vi tilby gode konferansetilhøve. Les meir her: Møter, kurs og konferanse

PRISAR OVERNATTING:

Enkeltrom kr 600,-**
Dobbeltrom kr 800,-**
Deluxerom kr 950,-**
Suite kr 1200,-**
Prisane er pr. rom pr. døgn inkl. frukost

** Frå prisar med Hotel Express International Kort ved bestilling tidligast 24 timar før ankomst og ved 50 % ledig belegg.

Brosjyre om hotellet
Bryggen Hotel Nordfjord - Tlf. +47 57 86 06 22 - Kaivegen 1, 6770 NORDFJORDEID